Full fart på Salamanderløp
Forfatter: Irene Haldin
13. mai 2023
Salamanderløpet får fart i både dugnadsand og deltakarar. Rundt 200 stilte til start laurdag 13. mai.
Det er friidrettsgruppa i Sveio Idrettslag som er arrangør, og med god hjelp frå foreldre i allidrettsgruppa med fleire gjekk det heile fint føre seg i år også.
Maren Kristine Lye Bårdsen er leiar i friidrettsgruppa. Ho oppsummerer arrangementet som vellukka.
– Det har gått over all forventning, smiler ho etter at dei siste deltakarane har passert målstreken.
Då første pulje blei sett i gong var det solgt 190 startnummer, men det kom nokre til på tampen slik at det blei ganske nøyaktig 200 spreke ungar i løypene. Det er ny deltakarrekord for lågterskelløpet.
Mellom 15 og 20 vaksne møtte nokre timar før start for å rigga kafé, påmelding, løyper og liknande, og var med på sjølve arrangementet. Mange hadde også baka kaker, og den uvurderlige seniorgruppa stilte også med mannskap. Sveio IL takkar alle som har bidratt til at dette blei ein kjekk dag!