Høgdepunkt frå årsmøtet
Forfatter: Irene Haldin
23. mars 2023
Det ligg til rette for påbygg på Sambrukshuset.
Onsdag 22. mars vart årsmøtet til Sveio IL halde. Med hovudstyret var det 12 som møtte frå start, alt gjekk fint føre seg. Undergruppene presenterte sine årsmeldingar, som vitnar som god aktivitet i laget.
Forutan vanlege saker var komme inn eitt forslag, påbygg til Sambrukshuset. Det er Husstyret som ønskjer midlar til dette. Det blei vedteke at Hovedstyret dekkar resterande sum som manglar for å få dette i gong – forutsett at det kjem inn meir sponsormidlar. Søknadar er ute. Ekstra areal vil skapa lagerplass, men kjem og styrkerommet til gode.
Nytt styre blei også vald, her er det ingen store endringar:
Leiar: Lillian Rommetveit
Nestleiar: Irene Flatnes Haldin
Kasserar: Tina Lovise Fykse
Håndball: Johan Helvik Olsen (ny)
Volleyball: Ingrid Øritsland Våge
Fotball: Ine Salte Andersen
Friidrett: Maren Kristine Lye Bårdsen
Husstyret: Torleif Bjelland
Lina Elvira Rode Følsvik gjekk ut av styret, og fekk ein fin bukett som takk for innsatsen. Ho vil halda fram som engasjert mor i handballen, har ho lova. Aasmund Bakke Handeland fekk heider for over 10 år med fotballen. Godt jobba!