Våre sponsorer
Påskerebusen er klar
Forfatter: Irene Haldin
10. april 2022
Forside
Lyst til å gå rebus? Her finn du informasjon!
Sveio IL har i år laga ein rebus med 15 postar til Sveio sine innbyggjarar. Post nr. 1 er å finna ved Sveio sambrukshus, medan resten er i og rundt Salamanderparken. Kvar post har to spørsmål, eitt for vaksne og eitt for barn. Svarskjema kan du lasta ned og skriva ut sjølv (sjå lengre ned), men kan også hentast hos Eventyrlig og Salamanderen i Sveio senter. Her kan du også levera inn ferdig utfylte skjema, dersom du har lyst til å vera med i trekninga.
Svarfrist er 2. påskedag kl. 20.00. Dersom du ikkje når butikken, kan du svara via dette skjemaet. Lokale sponsorar har gitt premiar, og me håpar at mange vil kosa seg på turen! :)