[email protected]


Logo
Bli medlem
Våre sponsorer

Sveio IL har fått dagleg leiar

Forfatter: Irene Haldin

09. august 2023

Volleyball
Fotball
Friidrett
Håndball
Forside
Allidrett
Sandvolleyball
News article image

Lillian Rommetveit går frå å vera styreleiar til dagleg leiar.

Onsdag 9. august 2023 signerte hovedstyret arbeidsavtalen med Rommetveit, som vil representera idrettslaget som ein heiltidsjobb. Ho er ikkje ukjend i laget, då ho har hatt vervet som styreleiar i over fire år, og som trenar enda lengre.

Sjølve rekrutteringsprosessen har pågått sidan i vår, der tre representantar frå hovudstyret har vore i arbeidsgruppa. Ine Salte Andersen, Tina L. Fykse og Ingrid Øritsland Våge har hatt den spennande, tidkrevjande og lærerike oppgåva. Habile medlemer i hovedstyret har blitt orientert og involvert. All honnør til dei tre driftige damene, som saman med Level Personal har hatt hand om prosessen. Det var 13 søkarar, der fem var inne til intervju. Me takkar alle involverte, også søkarar for interessa. Det er godt at denne ballen er landa – dette blir bra!

Me ønskjer Lillian Rommetveit lukke til som leiar av Sveio Idrettslag frå 1. september 2023.