[email protected]


Logo
Bli medlem
Våre sponsorer

Vel blåst KiwiCup 2023

Forfatter: Irene Haldin

07. mai 2023

Forside
News article image

Då siste kampen blei blåst av søndag ettermiddag, kunne dei som gjekk i bresjen for arrangementet pusta letta ut. Det blei eit flott arrangement der god dugnadsånd kom fram!

Etter to fine dagar med fotball er KiwiCupen vår vel overstått. Laurdag var 6-9-åringane i sving, og søndag var det dei mellom 10 og 13 år sin tur.

Utruleg mange har bidratt for å få alt til å gå i hop, både før, under og etter. Tusen takk til trenarar, lagleiarar, foreldre og andre som har stått på og laga dette til ei super helg. Takk for besøket til dei som kom frå andre klubbar og bidrog til godt spel og kjekke kampar. Fotballgruppa er glade for at cupen blei så bra gjennomført – nå gler me oss til Kiwi Cup 2024!

Rundt 450 registrerte spelarar var innom, og minst like mange tilskodarar.