Norgesmeisterskap U15 2020
Forfatter: Marthe Olesdatter Sveen
11. februar 2020
Kvalifisering på heimebane, kan det bli meir stas enn det? 28 spelarar, 4 trenarar og ein heil haug foreldre reiser til Førde 19.-22.mars og det blir garantert ein opplevelse for livet. Det blir travle tider framover.
Det ligg mykje hardt arbeid bak kvalifiseringa og den er dei vel unt. Monge timar med trening, dei ivrigaste dukka opp i hallen på både 2.juledag og nyttårsafta.
I tida framover handlar det mykje om tre ting, trening, tomflasker og baklukesalg. Det trenes som før, men er lagt inn litt ekstra kamptrening for å finpusse formen fram mot NM. Neste mulighet for å sjå dei i aksjon er laurdag i Skåredalen, følg med på Facebook for oppdaterte tider.
Har du tomflasker liggjande? 20.februar køyrer me ut for å hente flasker i heile kommunen, målet er å dekke så stort område som mogleg og dei aller fleste har nok fått en lapp i postkassen med informasjon. Inntektene går til dekking av sjølve turen til NM og noko av opphaldet for spelarane.
14.mars prøver me noko nytt, nemleg baklukesalg og kafe på Sambrukshuset. Her betaler ein 100 kr for enten ein plass med bilen sin eller eit bord innendørs, kor ein kan selge sine eigne varer. Kanskje nokre ungar vil rydde litt på rommet sitt, eller nokre 9.klassingar vil tjene nokre kroner til klasseturen? Her er alle velkomne, det blir kafe og lykkehjul og andre kjekke aktiviteter gjennom dagen, https://www.facebook.com/events/612804542885650/
Styret