Treningskamp mot Haugesund
Forfatter: Marthe Olesdatter Sveen
01. oktober 2020
Det var endelig tid for å testa formen. Siste kamphelg var 8.mars, så tok korona grep om oss alle så det har vore lite volleyball. No har jentene rykka opp ei aldersgruppe, til litt høgare nett, og allikevel var formen der.
Treningskamp mot Haugesund J17.
Referat frå trenar:
I første sett satt ikkje mottak heilt, jentene var usikre på kvarandre, det var lenge sidan sist vi spelte kamp.
Stillinga var 22-11 til Haugesund men då vakna Sveio, vi hadde nokre gode servar, blokk og angrep. Kort fortalt så vann vi settet 23-25. Strålande fornøyde jenter!
2. sett gjekk veldig bra, dei var gode på det jevne. Vann med klar margin, litt usikker på resultatet. Men trur 25-14.
3. sett var jevnt. Der var det mykje feilserv frå Sveio si side, men vi vann 25-23 👌🏼🤩
Desse var med:
Dalia (dia)
Mina (dia)
Inghild (kant)
Sunniva (kant)
Malin (midt)
Sarah (midt)
Erle (legger)
Mina og Dalia gjorde ein flott debut på diagonal plass 💪🏽🏐👌🏼 og lærer fort ein-leggarsystemet 👌🏼Alle spelarane viste god innsats under kampen og stod stødig i det når det bytta i mot.
Trenarar Stig og Torill er imponerte over innsatsen, og ikkje minst at tross lite volleyball sidan mars var nivået til jentene høgt.