Norway Cup 2025
Forfatter: Lillian Rommetveit
30. juni 2025
Sveio IL på Norway Cup 2025 ⚽
For ei veke vi har hatt i Oslo! Sveio IL stilte med sju lag – seks gutelag og eitt jentelag – då verdas største fotballturnering, Norway Cup, gjekk av stabelen med rundt 2000 lag frå 35 nasjonar. Etter ei tidleg avreise frå Vigdartun og innlosjering på Årvoll skole, var det klart for opningsshow og ei veke full av fotball, vennskap og opplevingar.
Allereie frå første spark på ballen viste spelarane god innsats og kampvilje. Resultata gjekk ikkje alltid i vår favør, men det har vore mykje å gle seg over. Jentelaget scora sine to første mål i turneringa mot Ørsta IL og fekk oppleva topp stemning på KFUM Arena, der dei til og med blei intervjua direkte på TV2 Sport 1 – og jammen vann dei billettar til Tusenfryd også! 🍀 Gutelaga leverte mykje bra spel, med G15 som sikra uavgjort mot Nittedal i siste sekund, og G16 som knuste motstandarane sine 6–0 i ein kamp.
I B-sluttspelet var det høg temperatur, spesielt då G13 møtte Grüner IL i ein kamp prega av tre gule kort til motstandarane. Både G13 og G16 tok seg vidare til 16-delsfinale, men der stoppa det for Sveio-laga etter dramatikk og blant anna ein sur straffekonkurranse for G16.
Utanfor bana har det også skjedd mykje: frå felles latter og samhald på Årvoll skole, til ei litt dramatisk, men heldigvis falsk brannalarm. Mange har fått nye vener (og kanskje nye sveiser 🤭), medan andre ser fram til Tusenfryd før heimreise.
Det som kanskje varmar mest, er meldinga vi fekk frå ei dame knytt til ein annan klubb, som hadde delt buss med eit av laga våre. Ho fortalde om kor høflege og omsorgsfulle Sveio-gutane var. Slike tilbakemeldingar viser at vi vinn på langt meir enn mål og resultat 🩷
Til slutt vil vi seia ein stor TAKK til alle trenarar, lagleiarar, foreldre, supportarar, sponsorar og andre støttespelarar som har gjort dette mogleg for over 70 fotballspelarar frå Sveio. Vi reiser heim utan pokalar, men med stoltheit, gode minne og viktige verdiar i bagasjen 🏆